Du er her: Hjem / Skogeigarar på PEFC kurs
Forrige veka deltok 15 skogeigarar frå Sunnfjord, Fjaler og Flora på PEFC skogsertifiseringskurset.
Skal du hogge tømmer sjølv i vinter, må du gjennomføre eit PEFC kurs for å kunne dokumentere at du driv eit berekraftig skogbruk. – «Dette var både kjekt og nyttig» applauderte deltakarane til slutt.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Kurser i Førde 30. og 31. oktober vart arrangert av Skogkurs og dyktig instruktør var Rolf Erling Loe. Kursert som går over 8 timar, var lagt opp som ein innedel og ein utedel. Eit kurshefte med 27 kravpunkt i 3 delar vart gjennomgått.
Del 1 handlar om forvaltaransvar og planlegging.
Del 2 handlar om hogst og skogbrukstiltak
Del 3 handlar om særskilte miljøverdiar.
Saknar info frå virkeskjøpar
Underteikna deltok som skogeigar på kurset. Såvel kurshefte som opplegget ved Skogkurs var nyttig og godt gjennomført. Vi saknar likevel representantar frå aktuelle virkeskjøparar, som kort burde orientert om opplegg for innmelding av tømmer kopla til krava omtala i dette kurset. Dei fleste virkeskjøpararane har no opna for digital innmelding av tømmer, og eit av punkta i denne innmeldinga er at ein forpliktar seg til å ha gjennomført dette kurset. På eigedomar med særskilte miljøverdiar, vil det uansett vere av største interesse å vite korleis dette bør informerast vidare til virkeskjøpar ved ei digital innmelding.
Den praktiske forståinga av eit berekraftig skogbruk er at omsyn til økonomi, økologi og sosiale interesser kan balanserast. Dette skal inngå i planlegging og gjennomføring, slik at skogeigar og samfunnet kan få størst mogeleg verdiskaping av tiltak i skogen.
Dato: 16.04.2021
Region: Hele landet
Varighet: 15 timer
Dato: 22.04.2021
Kommune: Grimstad
Varighet: 10 timer
Filmklippene skal bidra til færre ulykker og bedre arbeidsmiljø ved å fokusere på de mest utsatte arbeidsoperasjonene ved bruk av motorsag og hvordan gjennomføre disse på en sikker måte.
Hva er et bestand, bonitet, hogstklasse og relaskop? Skogbruket bruker mange faguttrykk som kan være greit å kjenne. I åtte filmer forklares betydningen av de viktigste begrepene.